Pause frå julematen

Så var vi halvvegs i juleferien og det har vore gode, late dagar med kaldt og fint vintervèr. Har tilgode å prøve skia, og har heller nytt mesteparten av tida inne med nasa i dei mange fine kokebøkene eg fekk til bursdag og jul. Totalt fekk eg seks bøker - stas! Mat har det vore nok av og det er nok ikkje berre vi som tykkjer det er greit å ta ei pause frå julematen etter nokre dagar. Og etter ei "folkerøysting" vart det fleirtal for taco med heimelaga lefser (tortillas). Og etter å ha lese side opp og side ned i Lefseboka til Bodil Nordjore var det kjekt å få ta fram kjevle.

 
Lefsene er enkle å lage. Det er oppskrifta til Eivind Hellstrøm, frå eit program der han ryddar opp heime hos nokon:

6,5 dl kveitemjøl (evt. maismel)
2,5 dl lunka vatn
2 ss smør (evt. olivenolje)
3/4 ts salt

Bland alt det tørre først, og ha i smelta smør og lunka vatn. Bland det saman til ei smidig deig. Del deiga i 12 like emner og lat dei kvile på benken i ca. 15 min. 

 
Så kjevlar du dei ut til passeleg storleik til steikepanna og steiker dei på middels varme. Det går fort - maks ei par minutt på kvar side.

 
Legg dei i eit fuktig kjøkenhandkle slik at dei ikkje vert harde før du skal ete dei. 


Det er lurt å lage sitt eige tacokrydder for då veit ein kva det inneheld. Ikkje er det vanskeleg heller:

3 ss chilipulver
2 ts chiliflak
3 ts tørka oregano
2 ss spisskummin
2,5 ss paprikapulver
3 ts kvitlaukspulver
2 ss havsalt
2 ts svart pepar
1/2 ts cayennepepar

Dette vert ganske sterkt så start med 1 - 2 ts til 400 g karbonadedeig og prøv deg fram.



Én kommentar

Hala

28.12.2014 kl.19:12

nam, ser så godt ut

Skriv en ny kommentar

hits