hits

Smakebit på søndag: Satans mor av Rune Timberlid

Siste søndag i april og vi vakna til nysnø. Dermed måtte dagens hageprosjekt utsetjast til ein annan, og meir vårleg, dag. Det skapte ekstra rom for å lese ferdig boka Satans mor av Rune Timberlid. Dette er hans sjuande kriminalroman (eller åttande ettersom han skreiv Spritdrapet under pseudonymet Roger Fjorden i 1991). Handlinga i bøkene hans er alltid lagt til Sogn og Fjordane, og med historiske hendingar og stadar som bakteppe i forteljingane sine. 

 
(Bilete er frå bokbad med Rune Timberlid på Pikant i Førde 16. april)

Denne gongen er handlinga lagt til Sogn og cruisetrafikken i Sognefjorden. I samband med opning av ei ny cruisekai i Skjolden vert den blåst til himmels av ei bombe, og spørsmålet er om terroristar har nådd Sognefjorden. I tillegg har han med to parallelle historiar knytt til Harastølen si fortid som sanatorium for tuberkulosepasientar, samt funn av ein død person ved foten av Nigardsbreen. Smakebiten min er henta frå då journalisten Karianne Grinde har funne dagboka til Helga Marie, som var pasient ved Harastølen, og dagboka fortel at ikkje alt var slik det burde vere ved sanatoriet:

Soga til Helga Marie fasinerte Karianne. Dagboka handla i realiteten om ei kvinne som 
kjempa ein kamp på liv og død på sanatoriet i fjellsida over Luster. 
Karianne sat i sofaen og kjende glede over framgangen og optimismen Helga Marie 
hadde opplevt denne våren. Teksten var levande og detaljrik. Ho skildra ikkje berre kjenslene 
og sin eigen kamp mot sjukdomen. Undervegs teikna ho også gode tidsbilete frå dagleglivet på 
Lyster sanatorium. Karianne vart så oppslukt at ho gløymde å få med seg nyheitssendingane 
i fjernsynet. Ingen tvil om at dagboka kunne brukast på ein eller annan måte i avisa! 
Om ho ikkje like godt skulle skrive ei bok om Harastølen, der ho utnytta Helga Maries historie.
Men den 10. april dette året, det var ein onsdag skreiv Helga Marie, skjedde det noko. 


Finn fleire smakebitar hos Mari via bloggen hennar Flukten fra virkeligheten. Lag ein fin søndag!

Vårstemning og ein fredagssong

"Jeg velger meg april.." skreiv Bjørnstjerne Bjørnson. Diktet som i utgangspunktet heitte Valg, og som vart til etter at han vart beden om å skrive eit dikt til ein av årets tolv månader. Når han skulle velje ein månad å skrive om så var det berre april som var "ledig", så då vart valet enkelt.

Jeg velger meg april

I den det gamle faller,
i den det ny får feste;
det volder litt rabalder,-
dog fred er ei det beste,
men at man noe vil.

Jeg velger meg april,
fordi den stormer, feier,
fordi den smiler, smelter,
fordi den evner eier,
fordi den krefter velter,-
i den blir somren til!

Sjølv om våren kjem i full fart så er det framleis altfor mykje snø i min hage. I alle fall når det klør i fingrane etter å grave i jorda. Men eg får nøye meg med å sitje ute i sola og lese hagebøker, minnast kva som vart suksess i fjor og kva som vart mindre bra. Jordskokk er årets nye prøveprosjekt. Visstnok ganske villig til å formeire seg i grønsakshagen, så det vert spennande.


Og som vanleg vert Tasha Tudor si hagebok lesen på nytt kvar vår, og den er alltid like inspirerande. Har stor sans for hennar enkle livsstil og frodige hage. Kikk gjerne innom denne nettstaden og les meir om Tudor.

Fredagssongen var ein av mine norske favorittar i 2014; No. 4 med Lite og stort. Fin song om oss som bur i dette vakre, lange og smale landet med vegar som går mykje opp og ned. God helg! 

Smakebit på søndag: Sju dagar i august av Brit Bildøen

Av og til startar dagen langt tidlegare enn ein hadde tenkt. Då får ein gjere det beste ut av det og nyte stunda med stillheit i huset, ein god kopp te og godt lesestoff. Dette vart ein slik dag, og når ein har vore opp i fleire timar kl. 08.00 så kom tanken om nysteikte bollar til frukost. Og medan deiga har heva har eg kome godt igang med Sju dagar i august. Eg likar boka godt og gler meg til å fortsetje.


Boka handlar om Sofie og Otto. Vi føl dei sju dagar i august, åtte år etter ei traumatisk oppleving. Dotter til Sofie vart drepen i terrorangrepet på Utøya. Vi får vite korleis denne hendinga og sorga har påvirka dei som menneske og som ektepar. Smakebiten min kjem frå det første døgnet vi føl dei, natt til fredag, og Sofie står og ser ut glaset:

Ein kvit varebil kom sakte køyrande gjennom gata. Framleis kunne synet av ein slik bil utløyse panikk hos henne.
Mes så kom dei kvardagslege klaska frå avisbunkane som blei lempa ut oppe ved plassen med den tørrlagde fontena.
Der stod dei blå avistrallene lente mot eit gjerde, og snart ville gniksinga frå dei spreie seg ut over heile bydelen. 
Så skjørt det var, det dimme morgonlyset, den tynne hinna over alt, rett før det skulle sprekke opp. Dei første åra
hadde desse nattlege vandringane hatt ein annan rytme, ein kortare pust. Uuthaldelege tankar og ein verkande rygg
hadde jaga henne rundt, ho måtte trave att og fram i høgt tempo, som for i det minste å halde ei råk open. No flaut både
blodet og tankane meir roleg, meir fritt. Ho kunne sjå for seg bygarden deira som eit skip med mange sovande 
menneske om bord, på veg gjennom ukjent farvatn, på veg gjennom mørket mot ein ny dag, ei ny hamn. Men brått så
var det ikkje eit skip som drog gjennom natta, det var livet sjølv, for full stim.
Det er sant at sorga blir mindre med tida. Det er også sant at sorga blir større.

Du kan høyre Brit Bildøen snakke om boka si i samband med utdelinga av romanprisen. Lydfila finn du her

Om du ønskjer å lese smakebitar frå bøker andre les i dag så kan du kikke innom Flukten fra virkeligheten, der finn du mykje spennande. God søndag!




Country - ein smilande fredagssong

Lenge sidan eg har delt ein fredagssong og tenkte det var på tide. Kveldens utvalde er Keith Jarret sin song Country frå plata My song. Her framført ilag med vår eigen saksofonist Jan Garbarek. Det er ein glad song og det passar no når det nærmar seg vår. 

 
Sjølv om snøen ligg kvit ute så veit eg at no smeltar det både ovanfrå og frå undersida. Det er på tide å starte planlegging av årets grønsakshage og finne ut kva som skal få vekse seg stort og flott i drivhuset. Ny jordbæråker skal det iallefall bli så snart snøen er vekke.

Mykje godt i vente framover, men først er det helg og ifølge meterologane skal vi få vi få mykje vêr dei neste dagane. Det er ganske skremmande kor mange stormar vi har hatt dei seinare åra. Eg trur desse tankane passar godt å ha med seg når eg no skal til å lese Brit Bildøen sin siste roman, Sju dagar i august, som ho vann P2-lyttarane sin romanpris for. Ut ifrå det eg har lese av omtalar av henne, og noko av tematikken i boka, så er ho oppteken av miljøet kring oss og korleis vår menneskelege åtferd har betydning for endringar i klima i forhold til vêr og uvêr. Det vert spennande å lese korleis ho skildrar dette og eg gler meg til å ta til med boka. 

Årets bøker i Ålhus lesering

Det er ei tid sidan vi hadde årets møte i Ålhus lesering, der vi valde ut dei bøkene vi skal dele på og lese i 2015. Leseringen tel no berre 8 medlemmer men eg tykkjer likevel at vi har funne fram til eit variert utval. Mest nytt, men også noko gamalt. Og 2015 ser ut til å bli det året då eg endeleg får somla meg til å lese Mengele Zoo av Gert Nygårdshaug, som eg har hatt på ventelista i fleire år. Sjølv valde eg Karthago av Joyce Carol Oates og dei øvrige utvalde bøkene i år er: 

 

Det litterære apotek av Nina George - forlaget omtalar boka slik:

Jean Perdu er en bokhandler av det helt spesielle slaget. Han vet nøyaktig hva slags bok som 
skal til for å kurere oss som lider av diverse sjelekvaler, og derfor kaller han bokbåten sin 
ved Seinen for Det litterære apotek. Det er bare én person han ikke klarer å kurere: seg selv. 
Jean Perdu sørger fortsatt over sin tapte kjærlighet, den vakre Manon fra Provence, 
som forlot ham for 21 år siden. Hun etterlot seg bare et brev, et brev Perdu aldri har fått seg til å åpne. 
Ikke før nå, denne sommeren da alt kommer til å forandre seg. Endelig tør bokhandleren å kaste loss, 
og han legger ut på en reise oppover kanalene, mot hjertet av Provence. Med seg på reisen har han 
en ung og frustrert bestselgerforfatter som ikke greier å komme i gang med bok nummer to, 
samt to katter ved navn Kafka og Lindgren. Det blir en uforglemmelig reise både for vår venn Jean Perdu og for leseren.

Mengele Zoo av Gert Nygårdshaug - forlaget omtalar boka slik:

Han er født i regnskogene. Han elsker duftene, lydene, alt det grønne, jungelens mangfold av liv. 
Han er sommerfuglsamleren som jakter på de sjeldneste av de vakre sommerfuglene. 
Men så en dag rammer katastrofen, ødeleggelsen, utslettelsen også hans landsby. 
Han er plutselig midtpunktet for de store regnskogenes tragedie. 
Da blir fattiggutten Mino Aquiles Portoguesa selv en sommerfugl, den fryktede, sølvglinsende Morpho, 
som med jungelens eget dødbringende våpen flyr ut i verden og sprer terror og skrekk. 
Med denne romanen kombinerer Gert Nygårdshaug mesterlig sin frodige fortellerevne og fantasi 
med et spenningsdrama skåret ut av et stykke latinamerikansk virkelighet. 
Her knytter detaljrikdommen og fabuleringen sammen alt det umulige til det mulige, 
slik at helhetens mirakel blir synlig som en ytterst provoserende konsekvens.

  

Marmor av Toril Brekke - forlaget omtalar boka slik: 

Marmor" handler om galskap og normalitet, om annerledes foreldre og underlige barn. 
Toril Brekke har skrevet en slektsroman utenom det vanlige. 
En eldre kvinne begraves fra Paulus kirke på Grünerløkka. 
På annen rad sitter barnebarnet Carla og tenker tilbake på hva bestemoren fortalte om livet sitt og generasjonene før. 
Ikke få barn! sa hun da Carla var tenåring: Vi må stoppe disse gærne italienske genene i slekta! 
"Marmor" er en original slektsroman om en annerledes familie. 
Flere er rikt begavet, likevel strever de med samfunnets uskrevne regler. 
Vi får glimt av en stamfar fra Italia, vi treffer den avdødes to døtre som fremdeles hater henne intenst, 
og vi møter Carlas millionærfetter Jam som lever isolert fra omverdenen. 
Carla selv har nettopp fått vite at hun er gravid. Skal hun våge å få barnet. 

Los Peregrinos av Cecilia Samartin- forlaget omtalar boka slik: 

Boka hundretusener nordmenn har ventet på ? den gripende avslutningen på 
trilogien om Señor Peregrino.
Jamilet og Señor Peregrino ligger på sykehus i Santiago de Compostela 
etter en dramatisk brann og et mordforsøk. I sykeværelse forteller Rosa, bestemoren Jamilet så lenge har lett etter, 
legenden om den BLÅ ROSE. Endelig får vi vite bakgrunnen for Jamilets fødselsmerke og 
slektens magiske historie rulles opp.

    

Karthago av Joyce Carol Oates - forlaget omtalar boka slik: 

Når en tenåringsjente forsvinner i Adirondack-fjellene, rystes den lille byen Karthago i grunnvollene. 
Mens faren, Zeno Mayfield, og andre frivillige leter utrettelig etter den savnede Cressida, 
oppdages det en mistenkt som står Mayfield-familien ubehagelig nær: 
Den dekorerte Irak-veteranen Brett Kincaid, som inntil nylig var forlovet med Cressidas vakre storesøster. 
Mens bevismengden mot den krigsskadde korporalen øker, må Mayfield-familien ta inn over seg 
at Cressida kan være tapt for dem for alltid ? og at hun kanskje var det allerede lenge før hun forsvant. 
Joyce Carol Oates' nyeste roman er en skarpt observert og dypt engasjerende fortelling om 
en families samhold og oppløsning, og et skarpt portrett av en hjemvendt veteran som for alltid 
er endret av krigen han var med på. Med Oates? helt egne evne til å skildre både enkeltmenneskers indre drivkraft 
og det ytre samfunnets mekanismer, er dette blitt en oppslukende fortelling om vold og kjærlighet, skam og tilgivelse. 

Per - Glimt av min far av Aksel Fugelli - forlaget omtalar boka slik:

Per Fugelli er en skikkelse Norge har vent seg til å se i offentlige roller: som lege, forsker, samfunnsrefser 
og i det siste - som en kreftpasient som vet han lever på lånt tid. 
Aksel Fugelli har vokst opp med en far som har vært til stede. 
I mediene, i pasientenes takknemlighet - og i familien, hans egen flokk. 
Denne boken er en lang samtale mellom de to. Uten å vike unna vanskelige spørsmål 
går de gjennom farens liv en siste gang. Det er en tekst som hverken frykter konfrontasjon eller nærhet. 
Noen ganger snakker de forbi hverandre. Noen ganger bryter samtalen sammen. 
Og hele tiden kommer de langsomt nærmere hverandre. Blottet for sentimentalitet, 
lik en lege som eksaminerer en pasient, streker sønnen opp bildet av sin egen far, 
som etterhvert fremstår naknere, mer sårbar, men også virkeligere enn før. 
"PER - Glimt av min far" er et møte mellom to mennesker som har et helt liv å dele og oppsummere like før det slutter. 
Boken er en virkeliggjøring av Per Fugellis oppfordring: "Ikke vær et ett-tall på jorda. Bry deg om flokken din."

   

Innsirkling 3 av Carl Frode Tiller - forlaget omtalar boka slik:

Siden 2007 har norske lesere stilt seg ett spørsmål: Hvem er David? Med "Innsirkling 3" nærmer vi oss et svar. 
Marius skal gifte seg med Julie, men set alt på spel. Han sender eit brev til David, 
som har mista hukommelsen, der han avslører ei hending som har fått store konsekvensar for dei begge. 
Davids ekskjærast Susanne kjenner seg svikta av David, og tar eit oppgjer med han og si eiga fortid i brevs form. 
I denne boka møter vi også David sjølv, nokre sommardagar i 2006 og på kontoret til psykiateren han går til. 
Innsirkling 3" er eit storverk i norsk litteratur fullført. I tre bøker har Carl Frode Tiller sirkla inn 
ein mann som ikkje veit kven han er, og dei som har skrive til han. Gjennom ei rekke røntgenblikk 
på det psykologiske spelet mellom menneske, på ulike tiår og miljø, 
har Tiller skapt eit usedvanleg rikt og komplekst eventyr om det moderne Norge. 
Den siste brikka gir ikkje berre svaret - den vil også snu opp ned på alt du trudde du visste om David.

Svøm med dem som drukner av Lars Mytting - forlaget omtalar boka slik:

Høsten 1971 blir et kjærestepar funnet omkommet i Frankrike, på en avstengt, 
skogbevokst slagmark fra første verdenskrig. Deres tre år gamle sønn Edvard er sporløst forsvunnet. 
Fire dager senere dukker han opp på et helt annet sted i Frankrike. 
Ingen vet hvor Edvard har vært, og han vokser opp på en fjellgård i Gudbrandsdalen 
sammen med sin tause bestefar. Hva gjorde foreldrene i det avstengte skogholtet, 
og var det en tilfeldighet at de tråkket på en gammel gassgranat fra krigens dager? 
Og hvem har, til bestefarens begravelse, sendt dem et praktstykke av en kiste, 
snekret i et treverk ingen har sett make til? Letingen etter svar fører 23 år gamle Edvard 
både til Shetland og tilbake til Frankrike, der han må grave seg inn i de mørkeste krokene i familiens fortid. 
En fortid som er tett vevd sammen med de store europeiske hendelsene fra forrige århundre, 
men også lidenskapen til en mestersnekker som søkte lykken i 30-tallets Paris.

Kjøtkraft og kokebokinspirasjon ein lat søndag

Godt å nyte ein lat søndag på tampen av vinterferien. Bruke heile dagen til langsam matlaging og leite etter spennande oppskrifter i inspirerande kokebøker. Kraftkoking er ypperleg søndagsaktivitet og det er godt å ha ein slump i frysen når ein skal lage noko godt ein annan dag.


Denne gongen kjøpte eg kraftbein og bibringe. Så samle eg litt av det som låg i grønsaksskuffen, litt lauk og heil pepar. Kraftbein og bibringe får ein kjøpt frosne i pakkar. Ein kan sjølvsagt berre bruke kraftbein, men eg tykkjer det er godt å ha med litt kjøt på når ein skal lage kraft. 


Start med å brune beina/kjøtet på sterk varme i ein gryte. Så er det berre å helle over vatn og legge oppi det ein har av grønsaker i kjøleskåpet.  (Eg brukar ikkje kålrot eller kål.) Denne gongen vart det: 

3 store gulerøter
1 stor gul lauk
4 sjalottlauk, delt i to på langs
1/2 sellerirot
1/2 purre
25 heile svarte peparkorn
ca. 5 liter vatn


Gje krafta eit oppkok og lat den stå og putre så lenge du har tid. Smaken vert berre betre og betre, og det luktar himmelsk i heile huset medan det putrar på, i minimum 4 - 5 timar. Så silar eg av grønsakene og kjøtet og frys den ned i små beger og i isterningposar. Då har eg ein god smaksforsterkar til gryter og sausar i lang tid framover. 


Vinterferien baud på ein kjekk tur til London, og som alltid kjem inspirasjonen snikande når ein vandrar rundt i matbutikkar i andre land. Då ser alt spennande ut, og det er ikkje tvil om at vareutvalet på mange område er mykje betre enn her heime. Fantastiske frukt- og grøntavdelingar, uendelege variantar av "heimelaga" rå pølser og ferske kjøtstykke frå alle delar av dyra. Noko som kan vere vanskeleg å få tak i sjølv i ferskvarediskar her heime. Men kokebøker inspirerer alltid og medan krafta kokar og svinesteika står i omnen er det tid for å dykke inn i kokebokverda og drøyme om neste matprosjekt. Deilig søndag!

 

 

 

Heimebaka polarbrød

Etter kvart er det god grunn til å vere på vakt mot kva ein eigentleg puttar i munnen. Bakevarer som har holdbarhetsdato fleire veker fram i tid er eg veldig skeptisk til. Det er veldig unaturleg at desse varene skal ligge like fine i pakken så lenge. Men det er mykje som freistar så då er utfordringa å finne alternativ som ein kan lage sjølv, for då veit ein i alle fall kva resultatet inneheld. Dei yngste i huset har vore glad i polarbrød, men dei inneheld mange rare ingrediensar. Altså var løysinga å finne ei god oppskrift. Og der har vi fått god hjelp av Trine med den fine bloggen Trines matblogg


Oppskrifta er enkel og resultatet vert alltid bra:

150 g havregryn (finmalt  i foodprosessor)
500 g fullkornskveite
300 g kveitemjøl
1/2 pk tørrgjær
1 ts sukker
2 ts salt
4 1/2 dl mjølk
2 dl vatn
1 dl solsikkeolje

Mal havregryna i ein foodprosessar og bland saman alt det tørre. Ha i temperert væske (ca. 25 grader) og elt deiga godt i ei kjøkenmaskin i ca. 5 - 8 min. Du kan sjølvsagt elte det for hand også.

Lat deiga heve ein time. Ta den ut av bollen, del den i to emner og del kvart av dei emna i 12 like store bollar. Kjevle dei ut til ca. 10 - 12 cm i diameter. 

 
Legg dei på bakepapir på ei steikeplate, prikk dei lett over heile overflata og lat dei etterheve ca. 15 min. Steik dei på 200 grader ca. 10 min. Kjøl ned på rist med håndkle over og legg dei rett i pose når dei er kalde. Gode å fryse og enkle å ta opp att og tine. Enten på benken eller i steikeomnen eit par minutt. Og best av alt - ingen skumle tilsetjingsstoff! Originaloppskrifta frå Trines matblogg finn du her. Og om du likar å bla i, og bruke kokebøker så kan hennar anbefalast. Den har vore ein kjempesuksess, og sidan den kom ut hausten 2013 er den selt i over 107 000 eksemplar.



Tid for planlegging

Året har starta litt dårleg, både med omsyn til leselyst og planleggingsarbeid. Men det er ikkje tvil om at dårleg planlegging skapar ekstra stress, i mange situasjonar. Og når ein ikkje har planlagt middag så kan det fort bli dyrt. Så no er det på tide å brette opp armane og lage ein plan! Vi har vel alle lese at middagsplanlegging er lurt, både kostnadsmessig og ernæringsmessig. Om vi planlegg så klarar vi faktisk å ete fisk opp til fleire gongar i veka.

 
Sjølv brukar eg mykje kokebøker for å finne fram til både nye og gamle smakar. Men den store internettverda der ute kan forsåvidt ordne planlegginga for oss. Fleire matbloggarar presenteret ny vekemeny kvar veke, så kan ein jo berre "stele" frå dei. Nokre av dei som lagar slike menyar er:

Trines matblogg - kjempegode oppskrifter og ho vart kåra til Årets matbloggar i 2014
Elin Larsen - mange gode oppskrifter og vekemenyar
Fru Timian - har også gjeve ut mange kokebøker etterkvart

Men om du ønskjer å hente tips frå bøkenes verden så er det nokre som utmerkar seg for bruk til planlegging i kvardagen. Nokre av mine favorittar er:


Men det når eg les i kokebøker så dukkar det stadig opp nokre oppskrifter som ser spennande ut, og etterkvart har eg funne ein lur måte å "lagre" desse på. Eg har kjøpt ei bok med alfabetregister og når eg finn ei oppskrift eg har lyst til å prøve så skriv eg den opp i denne boka. Dersom hovudingrediensen er kylling så noterer eg namnet på oppskrifta og kvar eg kan finne den på "K". Dermed kan eg raskt slå opp og finne mange oppskrifte om eg har ei pakke kyllingfilet e.l. liggande. Det fungerer i alle fall bra her i huset.

Fredag og snart februar

Ei av mine favorittbøker er Mrs. Dalloway av Virginia Woolf. Anbefalast! Eg fann eit sitat frå The common reader, ei essaysamling som kom ut i to bind, i ei strålande bok for bokelskarar:

Jeg har ofte drømt om at når Dommedag opprinner, og de store erobrere og rettslærde
og statsmenn kommer for å motta sin lønn - sine kroner, sine laurbær,
sine navn uutslettelig inngravert i uforgjengelig marmor -
så vil Den Allmektige vende seg til St. Peter og si, ikke uten en viss misunnelse,
når Han ser oss komme med våre bøker under armen:
«Se, disse trenger ingen lønn. Vi har ingenting å gi dem. For de har elsket å lese.»

 Virginia Woolf (1882-1941): How should One Read a Book? Fra The Common Reader, London 1932


Boka som dette sitatet er henta frå er Inge Eidsvåg si Stille stemmer indre bilder - Om lesningens velsignelser, farer og fryd. Ei bok om eit liv med bøker og leseglede som eg er ganske sikker på at alle bokelskarar vil like. 



Bok på vent: Min barndom og ungdom av Johan Nygaardsvold

Denne vekas ventebok er ganske spesiell. Den kom ut i 1953 (i alle fall mi 4. utgåve), og eg klarte å få tak i eit eksemplar via den fantastiske nettstaden antikvariat.net Ei skattekiste for alle som er på jakt etter bøker, enten det er gamle eller nye, sjeldne eller lett tilgjengelege.


Bokjakta starta etter at eg hadde sett eit kort filmklipp på NRK sine nettsider, der barnebarnet hans fortel om lesegleda til morfaren. Boka heiter Min barndom og ungdom og er skriven av tidlegare statsminister Johan Nygaardsvold

 
Det er mogeleg å besøke heimen til Nygaardsvold, som no er museum, og han hadde sjølvsagt eit rikhaldig bibliotek.


Bilete har eg funne her. Om du har lyst til å lese meir om denne mannen så kan eg anbefale å ta ein kikk på gubben.no.


Gler meg til å lese denne og håpar han skriv mykje om bøker og leseglede. Om du vil lese meir om bøker som bokelskarar har på ventelista si så må du kikke innom den fine bloggen til Beathe - Beathes bokhylle. Og filmsnutten eg vart inspirert av kan du sjå under. 

Nytt liv til skrukkete tomatar

Det er slett ikkje uvanleg at nokre av tomatane på benken får eit alderspreg i form av skrukkete skinn. Men sjølv om alderen pregar dei så er dei like gode inni. Og dei passar perfekt til tomatsaus. Dette er ei oppskrift på kjempegod tomatsaus som passar godt til pasta. 


Oppskrifta er kjempelett og passar som saus til 4 porsjonar:

750 g tomatar
olivenolje
3 fedd kvitlauk
salt
pepar
3 ss tørka krydderurter (evt. friske, eks. 1/2 potte rosmarin)

 
Delt tomatane i to og legg dei i ei ildfast form. Strø over finhakka kvitlauk, salt, pepar og krydderurter. Denne gongen brukte eg tørka oregano, men bruk det du likar, og gjerne friske urtar. Hell til slutt over olivenolje. Sett forma inn i steikeomnen på ca. 170 grader og lat det stå i 50 - 60 minutt. Kok pasta, hell over tomatsaus og strø på parmesan - enkel og kjempegod vegetarrett. Og du har fått brukt opp dei skrukkete tomatane.

Du kan også mose tomatane med ein stavmiksar og bruke sausen til pizzasaus.



Smakebit på søndag: Rottejegeren av Chris Tvedt

Så var det jammen søndag igjen og etter ei veke med vekselvis snø og regn så ser det endeleg ut til å bli litt kulde. Det er flott om vi kan få litt stabilt vestlandsvêr, for det er sjelden vare! Også denne søndagen er det mogeleg å finne smakebitar, frå ulike bøker som andre bokbloggarar les, hos Mari med bloggen Flukten fra virkeligheten. Denne søndagen vert det litt oppussingsarbeid, men innimellom arbeidet vert det små lesepauser. Kjære bror skal avsluttast og parallelt har eg starta på Rottejegeren av Chris Tvedt.


Eg har tidlegare lese Dødens sirkel som han fekk Rivertonprisen for. Det er lenge sidan, men når eg ser tilbake i lesedagboka mi så står det at eg likte den godt. Så får eg håpe at også Rottejegeren fell i smak. Kjenner iallefall at det vert godt med litt krim etter å ha lese mange bøker om menneske som har store problem med å takle livet...

Ettersom eg nett har plukka boka ut av hylla så kjem smakebiten frå side 1:

Vinteren 1944

Halvveis oppe i bakkene måtte han reise seg opp på sykkelen, da begynte det å svi
i lårene, og pusten kom i anstrengte gisp. Enda litt lenger oppe, omtrent der hvor det 
ble skikkelig bratt, lå snøen, først som skitne flekker langs grøftekantene, deretter som 
et sammenhengende lag av sørpe som gjorde det umulig å sykle. Han steg av sykkelen
og trillet den videre, svett under ulltrøyen på tross av kulden.
Omsider flatet stien ut og han visste at han var nesten fremme. Høye grantrær var en 
mørk vegg til venstre, på den andre siden åpnet verden seg opp. Han visste at byen og
fjorden lå der nede, men denne kvelden var det ingenting å se der, alt var mørkt, han var 
helt alene i en tom verden.

Forlaget CappelenDamm omtalar boka slik:

En angiver blir henrettet av Hjemmefronten i 1944. 
Sekstitre år senere slipper en dobbeltmorder ut etter å ha 
sittet mange år i fengsel og setter kursen mot hjembyen. 
Han har noe uoppgjort der.En psykotisk ung pike tenner på et hus. Politiet tror hun også 
har tatt livet av sin egen bestefar. Advokat Mikael Brenne påtar seg 
å fri henne fra mistanken. Sporene peker bakover, mot krigens dager, 
men ingen vil snakke om hva som skjedde den gangen.
Rottejegeren er en aktuell og tankevekkende spenningsroman av 
internasjonalt format. Boken er Chris Tvedts fjerde i den kritikerroste 
serien om advokaten Mikael Brenne. 


Kikk innom Flukten fra virkeligheten og finn mange fine smakebitar. God søndag! 

Bokmelding: Gi meg heller livet - ein dokumentar om soldatveteranar i Norge

I fjor kom dokumentarboka Gi meg heller livet ut på Skald forlag. Fotograf Håvard Bjelland og tekstforfattar Bjørn Asle Nord har møtt 13 krigsveteranar, tolv menn og ei kvinne, som alle har si historie om livet som veteran. Unike, men samstundes er det mykje likskap i det dei har erfart og det dei strevar med.


Før eg starta å lese boka lurte eg på kva typar menneske som vel å tenestegjere som soldat på oppdrag for Norge, i farlege og krigsherja områder? Og kvifor vel mange av dei å reise på fleire oppdrag sjølv om dei har hatt død og grusomme hendingar tett inn på livet? Boka har fortalt meg at det er ulike typar menneske, og motivasjonen for å reise er også ulik. Men i utgangspunktet er det ungdom som søkjer kameratskap, eventyr og store pengar. 

"Håvard ser ein skugge i stovevindauget, ein mann står der heilt stiv. Han skjønar at mannen er nervøs, 
og han må få fort fatt i han. Håvard fiklar fram mobiltelefonen og ringjer frå bilen på tunet framfor huset til mannen. 
Det er mørkt. Håvard ventar på at mannen skal svare på telefonen. Fotografen har jobba med å få tak i veteranen, 
som slit med psykisk skade. No har han teke turen innom for å sjå til han. Mannen pustar tungt i røyret. 
Det høyrest ut som han hyperventilerer. "Hei, det er Håvard Bjelland, det er eg som sit i bilen utanfor", seier han. 
Håvard seier at han kan dra igjen om mannen ønskjer det. Men veteranen kjenner han. 
"Berre kom inn du", seier han. "Men ver glad du ikkje fekk ei kule i panna." "Han overdriv", tenkjer Håvard. 
Ved inngangsdøra tek mannen imot fotografen, snur seg og går mot stova. 
Innanfor beltet i militærbuksa, langs korsryggen, har han stappa ein pistol - ein Glock."


(foto frå boka - fotograf Håvard Bjelland)

Det er sterke historiar vi får innsyn i. Nokre av dei har flytta utanlands, andre bur i små hytter, utan innlagd straum og vatn. Dei fleste er åleine fordi psykisk sjukdom har gjort det vanskeleg å leve ilag med dei. Og felles for dei er ein årelang kamp for å "overleve" kvardagen, destruktive tankar, brotne relasjonar til familie og vener, pengeproblem og kampen for å få ei oppreising og få respekt for den oppgåva dei har utført.

Tre behandlarar på Modum Bad såg korleis han sov om natta: 
på magen med ei hand fast i sengestolpen for å kunne orientere seg 
om det skulle smelle igjen. Han brukte og å ha ein finger i munnen 
for å utlikne trykket frå ein mogeleg eksplosjon. 
Slik var nettene sidan tida i Beirut i 1989. 
Senga var ikkje lenger den tryggaste plassen på jord.

Fleire av veteranane har delteke i mange oppdrag, også etter at dei starta å få problem. Og litt av årsaka til kampen mot byråkratiet ligg her. Redsla for å ikkje få reise ut på nye oppdrag hindrar dei i å søkje profesjonell hjelp tidleg. Dei har sjølv prøvd å døyve traume, dårleg søvn og angst med alkohol og andre rusmiddel, ofte i mange år.

Eg trur ikkje at dei vi møter i denne boka forstod kva det innebar å vere aktiv deltakar i eit konfliktfylt og krigsherja land, før dei stod midt i krigen. Og når dei til slutt kjem heim med skadar, psykisk og/eller fysisk, startar ein ny "krig". Ein krig mot norsk byråkrati; skjema, utgreiingar, samtalar, terapi, møte, nye utgreiingar, vedtak, avslag, anke osv. Mange kjempar ein årelang kamp for å få hjelp til å handtere dei lidingane oppdraga har påført dei, og det kan synes som om byråkratiet har som mål å kjempe imot dei. 

Ei god og viktig bok om modige menneske som har liv og helse for at andre menneske skal få eit betre liv. Du kan ta ein kikk i boka her.

Bok på vent: Karthago av Joyce Carol Oates

Så var årets leseringsmøte overstått og eg endte opp med å velje Karthago av den amerikanske forfattaren Joyce Carol Oates. Det er hennar siste bok på norsk. Det er endå tysdag, og tid for Beathe si tysdagsutfordring - å fortelje litt om ei bok ein har på vent. Då passar det bra å omtale mi ferskast bok på "ventelista".  


Oates har vorte nemnd når det er snakk om Nobels litteraturpris, og ho har skrive mange bøker, i mange ulike sjangrar. Ho er kjend for å vere god til å skildre mellommennesklege relasjonar og det psykologiske spelet som oppstår i samspelet mellom menneske. Forlaget Pax omtalar romanen slik: 

Når en tenåringsjente forsvinner i Adirondack-fjellene, rystes den lille byen Karthago i grunnvollene. 
Joyce Carol Oates' nyeste roman er en skarpt observert og dypt engasjerende fortelling om 
en families samhold og oppløsning, og et skarpt portrett av en hjemvendt veteran 
som for alltid er endret av krigen han var med på. Med Oates? helt egne evne til å skildre 
både enkeltmenneskers indre drivkraft og det ytre samfunnets mekanismer, 
er dette blitt en oppslukende fortelling om vold og kjærlighet, skam og tilgivelse. 

Et nytt høydepunkt fra forfatteren av Vi var familien Mulvaney, Niagara og Blond.


Mens faren, Zeno Mayfield, og andre frivillige leter utrettelig etter den savnede Cressida, 
oppdages det en mistenkt som står Mayfield-familien ubehagelig nær: 
Den dekorerte Irak-veteranen Brett Kincaid, som inntil nylig var forlovet med Cressidas vakre storesøster. 
Mens bevismengden mot den krigsskadde korporalen øker, må Mayfield-familien ta inn over seg 
at Cressida kan være tapt for dem for alltid - og at hun kanskje var det allerede lenge før hun forsvant.



Det vert spennande å bli litt betre kjend med denne forfattaren. Kikk innom Beathes bokhylle og finn fleire omtalar av bøker på vent og mange gode lesetips og omtalar.

Tid for leseringsmøte - kva skal eg velje?

I morgon er den store dagen - klart for eit av årets høgdepunkt - møte i Ålhus lesering. Der møtast medlemmene for å diskutere og komme fram til dei bøkene vi skal dele på i det komande året. Og eg har store problem med å bestemme meg! Eg har studert forlagskatalogar fram og tilbake, lese ulike omtalar ut i den store internettverda og flytta bøker inn og ut av lista fleire gongar.


Pr. no har eg har følgjande bøker på nominasjonslista mi:

Toril Brekke: Marmor (Aschehoug)
Caterina Cattaneo: Jeg sluttet å telle dager (Juritzen)
David Nicholls: Oss (Press)
Tanizaki Jun'ichiro: Søstrene Makioka (Press)
Phil Klay: Hjemkomst (Press)
Stephen Grosz: Fortellinger fra livet (Press)
Eivind Hofstad Evjemo: Velkommen til oss (CappelenDamm)
Levi Henriksen: Harpesang (Gyldendal)
Joyce Carol Oates: Karthago (Pax)
Amin Maalouf: De forvillede (Pax)
Franz-Olivier Giesbert: Himmlers kokk (Pax)
Rune Christiansen: Ensomheten i Lydia Ernemans liv (Oktober)
Øyvind Egeland: Mørk dans (Oktober)
Kristine Næss: Bare et menneske (Oktober)
Monika Fagerholm: Lola oppned (Oktober)

Ja - lista er vel lang med tanke på at det berre er timar til eg må bestemme meg. Den bør nok reduserast til ein tredjedel før vi går igang med diskusjonen, men om eg er heldig så er det andre som har nokre av bøkene som sitt ønskje. Kanskje nokon har lese ei eller fleire av desse og kan gje meg eit råd? 

Smakebit på søndag: Kjære bror av Lars Ove Seljestad

Godt med ei stille stund om morgonen, før det vert lyst ute og før huset vaknar. Dempa radiolyd i bakgrunnen, kaffi, stearinlys og ro til å lese nokre sider i ei bok. Og sidan det er søndag så passar det å gje ein smakebit frå boka eg les i dag. Vanlegvis er det Mari som har utfordringa men i dag er det delegert til Astrid Terese, og om du kikkar innom hennar blogg Betraktninger så finn du fleire smakebitar.


Dagens smakebit kjem frå den siste romanen til Lars Ove Seljestad - Kjære bror. Romanen handlar om Svein som strevar med å forstå kva som hende då bror hans døydde. Var det ei ulukke eller var det ei bevisst handling? Romanen er forma som eit brev frå Svein til broren Arne, der han ser tilbake til oppveksten deira, stiller spørsmål til broren og prøvar å forstå kva som hende og kvifor det vart slik. Eg er heilt i byrjinga av romanen og gler meg til fortsetjinga. Min smakebit er henta frå dei første linjene i boka:

Kjære bror
eg har lenge tenkt at eg skulle skriva dette brevet til deg,
men eg har ikkje fått det til før, mange gongar har eg prøvd,
utan å lykkast, kanskje lykkast eg ikkje denne gongen heller,
men eg må prøva, kanskje er det aller siste gongen eg får 
gjort eit forsøk på å få ut dei orda eg har gått og bore på så lenge.
Du var storebroren min, du var den som gjekk føre og viste veg,
eg var den som dilta etter, ein rævdiltar, ville vel bergensarane 
noko forakteleg ha kalla meg.
For meg var det heilt greitt at du var den som gjekk føre og viste veg,
og at eg var den som følgde etter, dei to åra som var mellom oss var,
i seg sjølv grunn god nok, dessutan var det noko spesielt med deg,
du var ein Suveren, ikkje berre var du suveren i det du gjorde i livet,
men du førte deg òg som ein, ingen var i tvil om kven som hadde
det siste ordet når du var med på leiken.
Aller minst eg.
Veslebroren.

Ønskje alle ein fin søndag - gjerne i selskap med ei god bok!

Grytestekt loff

Det har lenge vore mykje snakk om no-knead brød som er stekt i jerngryte i steikeomnen. Det var sannsynlegvis matbloggaren Ina-Janine Johnsen som fekk auga opp på folk flest, når det gjaldt denne måten å bake brød på. Ho har bloggen Mat på bordet og ho har også gjeve ut ei eiga bok om dette temaet; Eltefritt brød og himmelske kaker.



I dag var det god tid til å drive med (forholdsvis) langtidsheving og det vart ein variasjon av ei oppskrift frå tv-programmet Ida's fristelser som går på TV3:

500 g kveitemjøl
1/2 ts gjær
3 ts salt
4,5 dl vatn
2 ss olivenolje

Først blandar du alt det tørre og så rører du inn lunka vatn. Bland det godt saman med ei sleiv, ta plastfolie over bakebollen, legg eit kjøkenhandkle over og lat deiga stå og heve i ca. 5 timar. (Originaloppskrifta hadde berre 1/4 ts gjær og stod til heving i 10 - 12 timar.)

 

Så har du ein god del mjøl på benken og heller deiga ut på dette. Strø meir mjøl over og elt det forsiktig saman til ei smidig deig. Del deiga i 6 like emne og legg det i ei smurt gryte som toler sterk varme.



Lat det etterheve i ca. 1 time. Forvarm omen til 220 grader. Pensle bollane med litt vatn og strø over valmuefrø eller sesamfrø. Set panna i omnen med lokket på, lat det steike i 30 min. Ta av lokket og lat det steike vidare i ca. 20 - 30 min. Ta brødet ut av gryta og lat det kjøle seg ned på ei rist. NAM! Supert brød til supper og gryter, og det er sikkert godt med nokre spiseskeier med tørka urter, eks. oregano eller rosmarin.

Ina-Janine Johnsen har så langt gjeve ut to kokebøker, Eltefritt brød og himmelske kaker og Mat på bordet. Det er vel verdt å kikke innom bloggen hennar Mat på bordet og i tillegg er ho ein av pådrivarane av Matbloggsentralen., ei samleside for matbloggar.  

 

Under kan du sjå ein liten videosnutt om no-knead baking.

 

Pause frå julematen

Så var vi halvvegs i juleferien og det har vore gode, late dagar med kaldt og fint vintervèr. Har tilgode å prøve skia, og har heller nytt mesteparten av tida inne med nasa i dei mange fine kokebøkene eg fekk til bursdag og jul. Totalt fekk eg seks bøker - stas! Mat har det vore nok av og det er nok ikkje berre vi som tykkjer det er greit å ta ei pause frå julematen etter nokre dagar. Og etter ei "folkerøysting" vart det fleirtal for taco med heimelaga lefser (tortillas). Og etter å ha lese side opp og side ned i Lefseboka til Bodil Nordjore var det kjekt å få ta fram kjevle.

 
Lefsene er enkle å lage. Det er oppskrifta til Eivind Hellstrøm, frå eit program der han ryddar opp heime hos nokon:

6,5 dl kveitemjøl (evt. maismel)
2,5 dl lunka vatn
2 ss smør (evt. olivenolje)
3/4 ts salt

Bland alt det tørre først, og ha i smelta smør og lunka vatn. Bland det saman til ei smidig deig. Del deiga i 12 like emner og lat dei kvile på benken i ca. 15 min. 

 
Så kjevlar du dei ut til passeleg storleik til steikepanna og steiker dei på middels varme. Det går fort - maks ei par minutt på kvar side.

 
Legg dei i eit fuktig kjøkenhandkle slik at dei ikkje vert harde før du skal ete dei. 


Det er lurt å lage sitt eige tacokrydder for då veit ein kva det inneheld. Ikkje er det vanskeleg heller:

3 ss chilipulver
2 ts chiliflak
3 ts tørka oregano
2 ss spisskummin
2,5 ss paprikapulver
3 ts kvitlaukspulver
2 ss havsalt
2 ts svart pepar
1/2 ts cayennepepar

Dette vert ganske sterkt så start med 1 - 2 ts til 400 g karbonadedeig og prøv deg fram.



Julegodteri med uforskamma mykje sukker

Ein dag ringde det på døra og utanfor stod naboane med ei lita gåve til oss. Ein smak av det heimelaga julegodteriet dei hadde laga - og det var godt! Eg drista meg til å spørje etter oppskriftene og var så heldig å få dei. Det var tre ulike sortar og førstemann ut i produksjonslinja var ein sort dei kalla Rocky road.


Vi har liten erfaring med heimelaga godteri, men sette igang med liv og lyst. Oppskrifta gav rom for skepsis, og hadde det ikkje vore for at vi allereie hadde smakt på godsakene så kan det hende eg ikkje hadde vorte freista å lage det. Det inneheld uforskamma mykje sukker så det er godt det er jul berre ein gong i året. Oppskrifta er som følgjer:

2 plater mjølkesjokolade (tilsaman 400 g)
1 pk Dumle karameller
1/2 pk finhakka marshmallows (evt. små)
1/2 pk peanøtter (ca. 150 g)

Grovhakk peanøttene, del marshmallows og Dumle i små bitar og bland dette saman
Smelt sjokoladen over vassbad og hell den over blandinga
Rør det saman og fordel det utover i ei form (mi var 25 x 35 cm)

  
Så må det stå kaldt nokre timar, evt. til neste dag, slik at det stivnar. Så tek du det over på ei skjærefjøl, delar det i passelege bitar og puttar det i små posar eller i små glas. Eg tykte 20 bitar var ein passeleg porsjon.


Kjempegodt og kanskje ein idè som gåve til naboen? Denne naboen vart iallefall veldig glad.

Ønskjeliste i siste lita

No er det like før det brakar laus med pakkar og styr og stell, og eg håpar eg iallefall får nokre bøker i år, og at ei av dei er ei kokebok. I romjula har eg god tid til å utforske oppskrifter.


Det er nokre bøker som står høgt på ønskjelista og topp 11 er:

Anne Kat Hærland: Latterlig enkelt, latterlig godt
Andreas Viestad: Julemat
Bodil Nordjore: Lefseboka

 

Stephen Grosz: Fortellinger fra livet
Øyvind Egeland: Mørk dans
Alf van der Hagen: Kjell Askildsen. Et liv



Bent Stiansen: Norge rundt med Bent Stiansen
Lars Mytting: Svøm med dem som drukner
Ann-Chrisitne Hellerup Brandt: Oppskrifter og små glimt af hverdagslykke


 

Frank Aarebrot: 200 år på 200 sider
Jonas Gahr Støre: I bevegelse

 
Så får vi sjå kva julenissen har med seg i sekken. Og om han har gløymt bøker så har eg alltids eit par uleste i bokhylla som ventar på ein lesar, så romjula er uansett redda. 

Førjulstid

Det er synd at den tida ein ser mest fram mot heile året, førjulstida, går så altfor fort. Vi tenner det første lys og feirer først søndag i advent og vips  så er det 
15. desember og tredje søndag i advent er vel overstått. Kvar vart det av tida imellom? Sjølv om ein held eit lågt tempo og prøver å nyte førjulsdagane 
så vert det alltid litt stress før juleferien tek til.

Ein startar tidleg og tykkjer at ein har vore kjempeflink, ute i god tid og er ferdig med julegåvene. Men så snik det seg alltid inn eit par vanskelege tilfelle, der det er nesten umogeleg å finne på noko dei vil bli kjempeglade for. Gåva skal helst ver nyttig, og gjerne noko som kan brukast opp. Eller ei bok sjølvsagt - alle vert vel glade for ei bok?

Og så er det julekorta, og berre for å ha det sagt; Eg elskar julekort! Det er så staseleg å hente posten i desember for då er det stor sjanse for å finne kjekke overraskingar, i form av konvoluttar utan vindauge, opptil fleire gongar i veka. Men likevel så må eg innsjå at kortmengda minkar litt kvart år, sjølv om eg iherdig prøver å oppretthalde utsendingslista mi. "Vi har ikkje tid til å skrive julekort" seier folk. "Vi sender ut ein e-post med julehelsing eller brukar Facebook." Tull - alle har tid til det dei prioriterer, også å skrive julekort i førjulstid. Det er godt å setje seg ned når kvelden går mot natt, tenne eit lys, setje på litt fin julemusikk og skrive julekort. Og innerst inne trur eg dei fleste tykkjer det er kjekkast å få julehelsingar pr. sneglepost. 

Litt juleverkstad er det også kjekt å få til, og i det store blogguniverset finn ein stadig inspirasjon til artige, enkle prosjekt. Eit av årets beste idear fann eg på den danske bloggen Valdemarsro, heimelaga lykt med kanelstenger. Den er dekorativ, luktar godt og ikkje minst; Den er enkel å lage for store og små, og det einaste ein treng er små barnematglas e.l., kanelstenger og ein limpistol. Voila! Fin gåve til ein nabo eller kollega, ilag med ein lite pose med telys.



Ribberull - i siste lita

I år vart det laga ribberull (skinkerull) i tillegg til sylteflesk. Dette var ein av påleggsortane på kurset til Kari Støfringsdal i 2012, og tida var inne for å lage det.


Utfordringa er å dele tynnribba rett. Passe på at ein ikkje skjær av ein del - den skal brettast ut i 3 delar når du er ferdig å skjære.

 
Og så er det tid for å krydre. Når ein lagar krydderblandinga kan det sjå litt mykje ut, men det er akkurat passeleg. Fordel det jamt utover, på alle sider utanom svorsida.Legg gelantinplater mellom kjøtlaga.

 
Så er det tid for å rulle ribberullen, legge den i eit kjøkenhandkle og surre den som ei steik. Så skal den ligge i kjøleskåpet og trekke til seg alle dei gode kryddersmakane, min. eit døgn men eg let min ligge i to døgn.

  
Og så, når den har lagt kjølig eit døgn eller to er det på tide å koke den i lettsalta vatn. Lat den trekkje/småkoke på svak varme i ca. 2 1/2 time. Når den er ferdig må den leggast i press, helst i ei syltepresse om du er så heldig å ha ei slik. Evt. kan du legge den mellom to skjærefjøler med noko skikkeleg tungt oppå, evt. eit par murstein.


Lat den ligge i press eit døgn, så delar du den i passelege stykkje og puttar dei i frysaren. Då har du mykje godt i vente til dei lange, gode julefrukostane.

Oppskrifta vart slik (med god hjelp frå Kari frå Fjordamattunet si oppskrift):

2 kg tynnribbe (skjær forsiktig ut evt. bein)
2 ts pepar
1 ts nellik
1 ts allehånde
2 ts ingefær
3 ss salt
10 plater gelantin 

 Strø det jamt utover før du foldar saman rullen og surrar den. Eg hadde ei relativt stor tynnribbe så det er sikkert lurt å bruke ei mindre tynnribbe, eks. 1 kg og samstundes halvere kryddermengda.

Kari vann nyleg Fylkeskulturprisen for sitt engasjement og arbeid for at komande slekter skal ha kunnskap om, og kunne tilberede norsk tradisjonsmat. Du kan sjå Kari lage ribberull om du klikkar på bildet under:


(Foto/film: NRK Sogn og Fjordane)

Tid for lussekattar

Det nærmar seg 13. desember og det har inspirert til baking. Ettersom sjølve luciadagen er laurdag så passa det å bake i går kveld og ta med ei lita overrasking til gode kollegaer i dag. Med dobbel deig vart det nærare 200 lussekattar, og dei som ikkje vart med på jobb vart lagt i frysaren og skal få kvile seg der så lenge. 


Oppskrifta er mi vanlege oppskrift for søt gjærbakst (som eg har fått ei ei god venninde), men eg har lagt til gurkemeie for fargen si skuld. Bruk gjerne safran om du heller ønskjer det. Oppskrifta er slik: 

200 g smør
1 l mjølk
2,5 dl sukker
2 ts kardemomme
2 ss gurkemeie
1 egg 
50 g gjær
ca. 1,8 kg. kveitemjøl

Smelt smør og ha i mjølka. Varm til passeleg temperatur og hell det over i ei kjøkenmaskin (eller ein bakebolle). Hell i blanding med sukker, krydder og gjær. Bland så i mjølet, litt etter litt. Ha i egg, elt det godt inn og bland i siste rest av mjølet, til du har ei passeleg deig.

 
Så får deiga heve til omtrent dobbel storleik, ca. 40 min. Så rullar eg tynne pølser, skjær dei i passeleg lengder (ca. 15 cm) og formar dei som ein S. Penslar dei med egg og plasserer ei rosin i kvar sving. Så får dei etterheve ca. 15 - 20 min. og vert steikte på 180 grader i 8 - 10 min. 

 
Dei du ikkje skal ete med ein gong legg du i frysaren når dei er kalde. Når du tek dei opp att let du dei ligge på benken i 20 min., og så inn i steikeomnen på varmluft og 150 grader i nokre minutt, og dei smakar nesten som nysteikte.  

Leverpostei til jul

Det er mykje ein har lyst til gjere i adventstida. Følgje med på NRK sin julekalendar, lese gode juleforteljingar, bake litt, lage årets julepølser, nyte ein kopp eplegløgg med gode vener og lage litt godt pålegg som ein kan kose seg med i romjula. Denne helga vart utnytta maksimalt og det vart laga mykje godt. Mest stas var det å endeleg har fått fingrane i ei oppskrift på ein god leverpostei. Etter å ha kassert førre produksjon pga. for mykje leversmak så vart oppskrifta til ein kollega redninga.

 
Oppskrifta er slik:

150 g svinelever
100 g ribbe eller anna svinekjøt med fett
1 lauk
4 ansjosfilet
1 1/2 del mjølk
3 ss kveitemjøl
2 ts salt
1/2 ts svart pepar
1/2 ts allehånde
1 egg

Reinskjær levra og del den i mindre bitar. Skjær kjøt og lauk i mindre bitar og køyr dette saman med lever og ansjos i ein foodprosessor. Tilsett dei andre ingrediensane og køyr til massen er jamn. 

 

Ha det over i ei smurt form, eller små aluminiumsformer, og steik det i vannbad på 175 grader i ca. 1 time. Den er ferdig når termometeret syner 76 grader.

Oppskrifta er enkel og god, og ikkje minst så veit du kva som er i leverposteien du et. Ein kan verte mørkeredd når ein les innhaldsmerkinga på ein del matvarer, og leverpostei er eit godt døme på dette. Nokre gongar er det berre ca. 50% lever/kjøt - og kva er då alt det andre? Posteien held seg godt i frysaren nokre månader, og kvifor ikkje lage nokre porsjonar heile året. 



Smakebit av jul på søndag

Så var adventstida her og med dei fleste julegåvene i hamn kan dagane framover brukast til koselege juleførebuingar. Skrive julekort, lage litt godt julepålegg og kanskje ein kakesort eller to. Vi får sjå kva vi har lyst til. Men lesing vert det alltid tid til og dette året har det kome to nye bøker i adventkassen, og det passar å gje ein søndagssmakebit frå ei av desse.  


Dei to nye bøkene er Den norske bokklubben si eiga utgjeving Julens stemninger og den andre er FONT forlag si bok Verdens fineste julefortellinger. Begge innheld kjende og mindre kjende små historiar, dikt og julesangar som ein kan kose seg med i førjulstida. Og den siste boka har også fleire fine illustrasjonar.

 
Min smakebit er frå ein tekst som står i bokklubben si bok Julens stemninger og den er skriven av Ragnar Hovland og heiter Ulvikmannenens kalde julemåltid:

Di lenger vi kom ut i desember, di oftar vakna vi om morgonen av små dump.
Det var englane som no hadde begynt å fly så lågt at vi kunne sjå skuggane
og fartsstripene etter dei, og det hende dei støytte saman når dei ikkje passa
skikkeleg på. Det var dumpa vi høyre om morgon, etterfølgde av ei fjern, hissig
kjefting på eit ukjent tungemål. Men enno var dei ikkje begynt å syngje. Vi kunne
plukke små kvite fjør på tunet og lime dei inn i albuma våre.

 

Dagana før jul var nedlesste med knallharde problem: 
Kvifor kom ikkje snøen? Vill vi få den space-pistolen vi ønskte oss?
Og (for meg personleg): Korleis skulle eg finne eit stykke å lese opp på
skulejuletrefesten på ungdomshuset og i tillegg finne endå eitt til søndags-
skulefesten på bedehuset? Det var umuleg, og jula var alt så godt som øydelagt.
Dersom eg kunne slepp å lese opp på juletrefestane skulle eg gjerne gi avkall
på store delar av jula. Lat oss seie andre og tredje juledag.


Finn fleire smakebitar via bloggen til Mari - Flukten fra virkeligheten - og ha ein fin første søndag i advent.

Adventshelg og avslutning av årets Jul i Skulehuset

Tenk at det er første søndag i advent i morgon - rart og kjekt. Det har vore hektiske dagar med førebuing og drift av årets Jul i Skulehuset, og i dag er siste opningsdag. Det har som vanleg vore veldig kjekke dagar, med mange blide og fornøgde ansikt. Openbart at folk trivst i det gamle huset og tykkjer vi har mange fine produkt. Og det tykkjer vi og!

 
 
 
Julemusikk er ein viktig ingrediens for å oppnå god stemning i skulehuset og ein av mine favorittmelodiar er Maria Mena med Home for christmas. Den vert nok spelt nokre gongar i adventstida, også i år. Og i morgon skal adventkassen ned frå loftet og det er like kjekt kvart år. 

Jul i Skulehuset - like rundt hjørnet

Held på med siste innspurt av mursteinen Shantaram. Vert ferdig akkurat i tide til leseringsmøte i morgon. Det har gått seint med denne boka, men eg er godt fornøgd med den. Eit par langdryge parti, men alt i alt ei fantastisk historie. Parallelt med lesing av denne og nokre andre bøker har det vore litt "stress" i innspurten fram mot årets julemarked Jul i Skulehuset. Alltid kjekt å arrangere men det vert alltid mykje styr og stress fram mot opninga. 


Det vert litt mindre produksjon her i huset i år, men det vert noko rikeleg med flotte varer til dei som ønskjer å nyte førjulsstunda. Drikke ein god kopp varm gløgg, ete eit par  peparkaker, og kjenne på roa og atmosfæren i det gamle huset. I år opnar vi onsdag 26. november og held ope tom. laurdag 29. november.

 
  

Vil komme tilbake med "reportasje" frå opninga etterkvart.

Tid for P2-lyttarane sin romanpris igjen

Så var vi der igjen - tid for nominasjon til den årlege litteraturkåringa til P2-lyttarane. Det er attande gong P2-lyttarane sin romanpris skal delast ut. Fristen for å søkje om å vere med i juryen var 16. november, og i dag vart langlista til prisen presentert. 


(bilete lånt frå NRK sin nettstad)

Juryen som finn fram til dei nominerte er kritikarar og journalister frå NRK. Dei starta med 20 titlar og presenterte i dag langlista, med 12 titlar. 1. desember vert lista med dei 6 finalistane presentert, og dei lyttarane som vert trekt ut som jury vil få desse 6 bøkene tilsendt. Når dei har lese side opp og side ned vert dei samla i studio i månadsskifte januar/februar 2015 for å diskutere seg fram til vinnaren. Det er veldig kjekt å høyre desse diskusjonane, mellom "alminnelege" lesarar, og endå kjekkare når ein har lese bøkene sjølv. 

Eg ser at det er nokre av bøkene på langlista som eg allereie har bestemt meg for å lese og nokre eg ikkje hadde høyrt om. Det vert spennande å sjå kva 6 bøker som vert dei endelege finalistane - kanskje eg kan klare å lese alle før radiodiskusjonane startar? 

Langlista som vart presentert i dag:

Brit Bildøen: Sju dagar i august (Samlaget)
Bjarte Breiteig: Mine fem år som far (Aschehoug)
Rune Christiansen: Ensomheten i Lydia Ernemanns liv (Oktober )
Jørgen Gunnerud: Sju dager i september (Kolon)
Levi Henriksen: Harpesang (Gyldendal)
Edvard Hoem: Slåttekar i himmelen (Oktober)
Terje Holtet Larsen: Kjærlighet mellom intelligente menn (Oktober)
Emil B. Lund: Norske edelstener (Cappelen Damm)
Liv Mossige: Tyskland (Cappelen Damm)
Sigbjørn Skåden: Våke over dem som sover (Cappelen Damm)
Ingrid Storholmen: Her lå Tirpitz (Aschehoug)
Lars Petter Sveen: Guds barn (Aschehoug)

Vinnaren av romanprisen for 2013 var det Agnes Ravatn som vann prisen for sin roman Fugletribunalet



Heilstekt kylling

Heilstekt kylling er enkelt og velsmakande og ein kan trikse og mikse med urter, grønsaker og krydder. Det som kan vere litt vanskeleg er å berekne steiketida, og det er viktig at kyllingen er heilt gjennomstekt.

 
Oppskrifta til denne kyllingen vart omtrent slik (til 4 personar) :

kylling (1,3 kilo)
1,5 sitron (delt i båtar)
3 greiner frisk rosmarin
2 kinesisk kvitlauk
2 ts chilipasta (tørka)
olivenolje
salt
1 dl vatn (eller kvitvin)

 

2 boksar raude linser (evt. tørka som du har lagt i blaut dagen før)
1 fedd kvitlauk

Legg ei rosmaringrein inn i kyllingen, ilag med ein grovhakka kvitlauk, ca. 1 ts chilipasta, litt salt og 3 sitronbåtar.
Pensle kyllingen med olje, og strø over chilipasta og frisk rosmarin. Legg grovhakka kvitlauk og resten av sitronbåtane rundt kyllingen, i forma.

 
Ha aluminiumsfolie over forma og steik kyllingen i ovnen på 180 grader i 35 minutt. Ta av folien og steik vidare ca. 35 minutt til. Kyllingen må vere gjennomstekt og kan ein enkelt kontrollere ved å løsne låret og sjå at det er kvitt kyllingkjøt og klar kjøtkraft.

Serverast ilag med raude linser som har surra på svak varme ca. 5 min., i ei panne med ein skvett olivenolje og eit fedd kvitlauk, grovhakka. 

Bøker i Norge - smakebit på søndag

Når ein skal lese ein murstein som Shantaram er det godt å ha ei tilleggsbok der det passar å lese litt no og litt då. I samband med planlegging av eit litterturarrangement vart eg kjend med bøkene til Jostein Fet. Han har m.a skrive bøker om kva norske bønder las og skreiv på 1700- og 1800-talet, som syner at dei slett ikkje var så kunnskapslause som dei tidlegare har vorte framstilt. Og i samband med at eg las om bøkene til Fet så oppdaga eg den boka eg vil gje ein smakebit frå i dag. Den heiter Bøker i Norge og er skriven av Elisabeth S. Eide.


Det er ei praktbok, som i tillegg til mykje spennande stoff om boksamlingar og leseselskap, har mange flotte illustrasjonar og fotografi. Eg tykkjer det er spennande å lese bøker om bøker, og det er fascinerande å lese om dei enorme boksamlingane enkelt hadde for fleire hundre år sidan. Iflg. boka er mange av desse samlingane donert til bibliotek og andre offentlege institusjonar. Det er nok ikkje så mange som har høve til å ta imot ei arv som inneheld 11 000 bøker. Min smakebit kjem frå kapittelet som omhandlar oppstarten av leseselskap på landet, noko som ikkje var vanleg før overgangen mellom 1700- 1800-talet:

Tidlig på 1800-tallet er det ikke på landet dokumentert noen selskaplighet eller 
fysiske oppholdsrom som kan knyttes til leseselskap. Når unntas vanlig selskaplighet 
var muligheten for en fri samtale omkring bøker mindre på landet enn i byene, 
selv om kirkebakken på søndager også ga en mulighet for samtale. 
På landet ble leseselskap og almueboksamlinger etablert både av bønder og av prester.
De første "offentlige" boksamlinger ble gjerne plassert enten hos presten 
eller hos en bonde med plass - men bøkene var bare tilgjengelige i en begrenset åpningstid, 
vanligvis søndag etter kirketid. Her fikk bønder og husmenn mulighet til å låne bøker, 
og utlånene var enten gratis eller forbundet med små omkostninger.


(Delar av Sigrid Undset si boksamling - totalt ca. 9 000 bøker - bilete frå Maihaugen)

Forlaget Pax omtalar boka slik:

Bøker har en mangfoldig historie, som har vært lite belyst.
Hva vet vi om boksamlinger, leseselskap og bibliotek på 1800-tallet? 
Bøker var ikke bare forbeholdt borgerskapet, de var også i omløp blant almuens folk. 
Boken aktet verken «Rang eller Stand», sa Henrik Wergeland og fremholdt: 
«Boghyllen er den stige, hvorved du bliver din overmands lige.» 
Men hva leste embetsfolk, bønder og byborgere? 
Spor leder til store og små boksamlinger rundt om i landet - fra Kjos til Kjerringøy, 
fra Halden til Hardanger. De vitner om at bøker, leseselskap og almueboksamlinger sto sentralt i folks liv. 
Det fantas skatter av mange slag: religiøse bøker, romaner, nytteskrifter, Snorre og endog noen koraner. 
Mer skolegang og bedre leseevner styrket leselysten. Almuens ledere fikk lærdom fra bøkene. 
De bygget både bygd og by.

Om du vil lese andre sine smakebitar frå spennande bøker så må du ta turen innom Mari sin blogg - Flukten fra virkeligheten. God søndag! 

Les mer i arkivet » April 2015 » Mars 2015 » Februar 2015
Ukjent terreng

Ukjent terreng

43, Jølster

Eg heiter Aina Gamborg og er busett i fagre Jølster på Vestlandet. Nynorsk er mitt mål og eg er lidenskapleg oppteken av litteratur og mat. Rundt meg har eg gode folk og eg finn dei største gledene i små kvardagslege ting.

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker